Informasjon om fjernlån og innlån på biblioteket

I ein periode framover, vil det bli noko vanskelegare med fjernlån og innlån, og du rekne med å vente lenger på å få bøker frå andre bibliotek enn vanleg.

Du kan heller ikkje bestille bøker sjølv via www.bibsok.no Lenke til et annet nettsted. inntil vidare.

Vil du bestille ei bok frå eit anna bibliotek, må du ta kontakt via turid.kjendlie@flatanger.kommune.no eller ved å spørje på biblioteket.

Grunnen til den midlertidige endringa, er at biblioteksektoren sin leverandør av transporttenester, Norsk bibliotektransport AS, har gått konkurs.

Nye bøker vil framleis bli vurdert for innkjøp. Dersom det er noko du treng veldig kjapt vil vi rå deg til å sjekke bibliotek i nærleiken og sjå om dei har boka inne og hente sjølv. Når du har nasjonalt lånekort kan du bli oppretta som lånar hos dei biblioteka. Hugs å ta med ID når du registrerer deg.

Dersom du allereie har lånt noko frå eit anna bibliotek gjennom oss skal du framleis levere det tilbake hos oss, vi sender tilbake direkte til biblioteket.

Denne saka blir oppdatert fortløpande etter kvart som det kjem informasjon.

15.04.26 Turid Kjendlie, biblioteksjef Flatanger.

Sist oppdatert

Flatanger folkebibliotek

Foto: Camerat AS